Eg sit att med så mykje gode minner no. Sahara er ikkje berre sand, det er stein, spesielle fjell, grøne oasar og blomar og innturka elveleier. Eit unikt og flott landskap!
Me reiste ilag med ei skikkeleg kjekk gruppe, med ein trygg og god guide frå
Norrøna Hvitserk. Fly til Marokko, overnatting i Marrakech, og ein lang busstur ut i ørkenen.
Me vandra i ørkenen i 4 heile dagar, og overnatta i telt og under open, klar stjernehimmel🌟
Svært mykje vakkert å kvile augo på då me rusla i veg bak guidane våre.
Så godt å gå slik og berre vera! Gløyma vekk litt alt anna. Oppleve noko morro! Sanddynene var fantastisk kjekt! Å gå berrføtt i den mest finmalte sand du kan tenke deg…
Me gjekk også opp på den høgste sanddyna i Marokko; Erg Chegaga! Der sat me på rekke og rad, og såg at soli gjekk ned. Det vart fleire fine soloppgangar og solnedganger på oss. Me var grytidleg oppe og stuptrøytte etter middag kl.20🥱😴
Eit lite besøk hjå ein berberfamilie/nomadar vart det på turen, drikke deira tradisjonelle te, og sjå korleis dei lever.
Me vart godt varme i soli kvar einaste dag, men fekk kjølt oss skikkeleg ned igjen etter solnedgang.
Ellers var det faktisk så mykje vatn i Sahara no at me også fekk oss eit bad! Det hadde eg ikkje forventa langt der ute i ørkenen.
Kokken laga nydeleg, sunn mat til oss kvar einaste dag, med mykje friske grønsaker og frukt. Eg har smakt dei beste bananene🍌 og mandarinene🍊ever, no i Marokko! Så søtt, godt og kortreist!
8 dromedarar fulgte oss på turen. Dei gjekk fint på rekkje og hjelpte oss med bagasjen. For nokre fantastiske skapningar! Dei laga «dinosaurlydar» - så villt artig å høyre på, og vakne til på morgonen🤩 Gruppa vår gav nokre av dei (u)passande😆 namn og me fekk leie dei i band. Tiabubbi drege faktisk mykje meir i bandet ho enn kamelane🤣 Dei gjekk så galant, og eg hadde mang ei stund då eg berre studerte dette flotte dyret.
Me tok etterkvart farvel med dei 8 flittige, smilande lokale folka som hadde hjelpt oss med alt på turen; teltmannen, kamelmannen, kokken, guidane osv.
Ein morosam heisannhoppsanntur med Landrover, før soloppgang, vart avslutninga på ørkenopplevinga.
På heimveg vart det eit besøk på den enorme marknaden i Marrakech; Djemaa el-Fna. Der kunne me få kjøpt det meste! Ikkje nett enkelt for ein «stiv» nordmann når kjøpmenned’n «heng seg på» og ein helst skal prute😆🤣😅 Storhandel vart det ikkje, men litt småtteri, noko som minner oss om dette eventyret me nett har vore på🥰
Godt at me var to om denne turen, no deler me på minnene. Får prøve å «landa» litt no, sjå på bilder frå turen og glede meg over alt det fine me fekk oppleve. Kvardagen kastar seg fort på igjen, men det er vel eigentleg den som er best.
Berre ein får seg eit lite avbrekk ein og anna gong så- og då kan eg absolutt anbefala litt ørkenvandring😉
- Rigmor, deltaker i februar 2025